Fire skotne og drepne i canadisk by

Fire menneske er drepne i den canadiske byen Fredericton, og skyteepisoden går framleis føre seg ifølgje politiet.
utenriks

Omstenda rundt skytinga er ikkje kjent, men store politistyrkar har rykka ut til Brookside Drive-området i Fredericton.

– Publikum blir bedne om å halde seg unna området, bli heime og låse dørene for eigen tryggleiks skuld, tvitrar politiet.

Fredericton er hovudstaden i New Brunswick-provinsen og har 60.000 innbyggjarar.

(©NPK)