Bashir blir kandidat til valet i Sudan i 2020

Regjeringspartiet i Sudan har valt president Omar al-Bashir til kandidat til 2020-valet. Dette trass i at grunnlova berre løyver to periodar.
utenriks

Den nye grunnlova i Sudan frå 2010 fastslår at ein president berre kan sitte i to femårsperiodar.

Bashir vann valet både i 2010 og 2015, og han kan i samsvar med grunnlova derfor ikkje fortsette som president etter 2020. Likevel har det regjerande Kongresspartiet (NCP) innstilt han til attval, melder statlege sudanske medium fredag.

Bashir har hatt makta i Sudan sidan eit militærkupp i 1989.

Vala i 2010 og 2015 blei boikotta av delar av den politiske opposisjonen, og 2015-valet blei sterkt kritisert av blant anna Noreg, USA og Storbritannia for ikkje å vere fritt eller rettferdig.

Bashir er etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag for krigsbrotsverk og folkemord knytt til konflikten i Darfur-regionen som braut ut i 2003.

(©NPK)