Solberg avviser at Trump stilte ultimatum om Nato

USAs president Donald Trump truga aldri med å trekkja seg ut av Nato, ifølgje statsminister Erna Solberg.
utenriks

– Han tok eigentleg ikkje opp att så mykje anna enn den bodskapen han har hatt før møtet. Men kanskje det var eit behov for å lufta litt ut. For diskusjon i går blei meir prega av ferdigskrivne manus, seier Solberg til NTB.

Ifølgje henne er det ikkje er rett at Trump truga med å trekkja USA ut av alliansen, slik enkelte medium har meldt at han gjorde.

– Eg oppfattar ikkje at han på noko tidspunkt skal ha sagt at han ikkje skulle delta i Nato. Det trur eg vil vera ei heilt feil tolking av det som blei sagt i møtet, seier ho.

Dei to nyheitsbyråa DPA og Reuters, som begge viser til velinformerte kjelder, skriv likevel at Trump formulerte seg på ein litt annan måte.

På møtet skal han, ifølgje desse kjeldene, ha truga med å «gå sine eigne vegar» viss ikkje europeiske land aukar forsvarsbudsjetta innan januar neste år.

(©NPK)