Nato pustar ut etter Trump-panikk

USAs president Donald Trump utløyste fullt kaos på Nato-hovudkvarteret med truslar om å gå eigne vegar i staden. Men dei allierte klarte å ro toppmøtet i land.
utenriks

Ei kort melding frå nyheitsbyrået DPA utløyste torsdag eit brått stemningsskifte på pressesenteret under det som først låg an til å bli ein roleg siste dag på NATOs toppmøte i Brussel.

Ifølgje DPAs kjelder hadde Trump nemleg kome med opne truslar inne på møterommet om amerikansk åleinegang i forsvarspolitikken viss ikkje andre allierte omgåande aukar forsvarsbudsjetta til 2 prosent av BNP.

Utspelet til Trump førte til at dei allierte bestemde seg for å halda eit ekstraordinært krisemøte om pengespørsmålet.

Nektar for ultimatum

Av enkelte blei utspelet tolka som eit ultimatum og ein trussel om å trekkja USA ut av Nato.

Men noko slikt var det aldri snakk om, forsikrar statsminister Erna Solberg (H).

– Han tok eigentleg ikkje opp att så mykje anna enn det bodskapen han var før møtet. Men det var kanskje eit behov for å lufta litt ut, for diskusjonane i går blei meir prega av ferdigskrivne manus, seier Solberg til NTB.

– Eg oppfattar ikkje at han på noko tidspunkt skal ha sagt at han ikkje skulle delta i Nato. Det trur eg vil vera ei heilt feil tolking av det som blei sagt i møtet, seier ho.

Erklærte siger

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters, som viser til velinformerte kjelder, skal Trump ha snakka om å «gå sine eigne vegar», men utan at det var snakk om nokon direkte trussel om å trekkja seg ut av Nato.

NTB har fått stadfesta frå ei kjelde med kjennskap til samtalane at ordlyden til Trump skal ha vore omtrent slik Reuters har rapportert.

Kravet til Trump har vore at europeiske allierte må ta ein mykje større del av rekninga i Nato. Han meiner det er urettferdig overfor amerikanske skattebetalarar at USA i dag legg store summar på bordet for å garantera for tryggleiken til rike europeiske land.

Då han møtte pressa etter krisesamtalane, erklærte Trump at han hadde klart å tvinga fram «enorme» framsteg på møtet.

– Alle har blitt samde om å auka forpliktingane vesentleg. Dei skal auka til nivå dei aldri har vurdert tidlegare, sa Trump.

Nødvendig diskusjon

Stoltenberg seier det blei tydeleg på møtet at det var nødvendig med ein ekstra runde om forsvarsbudsjetta, eit tema dei allierte eigentleg hadde gjort seg ferdige med dagen i førevegen.

– Vi har hatt ein god diskusjon. Og president Trump har ein direkte stil. Han seier kva han meiner. Og det er ein stil som er annleis enn andre politiske leiarar. Men det er jo ikkje noko nytt at USA pressar på for å få dei landa som brukar mindre enn to prosent av BNP, til å investera meir, seier han.

Stoltenberg meiner Nato alt i alt kjem styrkt ut av diskusjonen.

– Det har vore eit møte der landa har forstått alvoret når det gjeld det å investere meir i forsvar. Eg trur landa no forstår at dette hastar, og at det er viktig å levera på det, seier han.



(©NPK)