Foreldre får arva Facebook-kontoen til dottera

Foreldra til ei jente som døydde i 2012, har rett til tilgang på Facebook-profilen hennar, slår Tysklands Høgsterett fast.
utenriks

Dommarane i Karlsruhe tok stilling til om digital informasjon kan sidestillast med analog kommunikasjon. Med andre ord: Har dei etterlatne rett til å lesa e-postar og chatteloggar på same måten som dei kan lesa breva dei arvar?

Tysk Høgsterett slo fast at kontrakten til dottera med Facebook er ein del av arven etter henne. Mora hennar får som arving dermed full tilgang til kontoen.

Facebook-kontoen som stod i sentrum for rettsbehandlinga, har vore låst sidan eigaren, ei 15 år gammal jente, fall framfor eit tog på undergrunnsbanen i Berlin i 2012.

Foreldra til jenta har sidan levd i uvisse om dottera døydde i ei ulykke, eller om ho tok sitt eige liv. Dei håpte å finna svar på Facebook-kontoen til 15-åringen, og mora har i årevis prøvd å få selskapet til å gje henne tilgang.

Facebook sette ned foten og grunngav det med personvernomsyn. Selskapet påpeikte at dersom andre fekk tilgang til innhaldet, ville det ramme alle brukarane som jenta hadde hatt kontakt med.

Med rettsavgjerda torsdag gjorde Høgsterett om ei tidlegare avgjerd frå ein lågare domstol i Berlin. Avgjerda frå Karlsruhe blir rekna som prinsipielt svært viktig i spørsmål om digital arv frå sosiale medium.

(©NPK)