Solberg: Inga sur stemning på NATO-møtet

Bodskapen frå Donald Trump til NATO-toppmøtet var kort og tydeleg, og han var klar på at det er viktig med eit sterkt Nato, seier statsminister Erna Solberg.
utenriks

Under det to og ein halv time lange møtet, der kvar stats- og regjeringssjef snakka i tur og orden, var det ingen tilløp til sur stemning, sa Solberg til norsk presse etterpå. Ho synest møtet var bra.

Solberg viser til at Nato har flytta søkjelys «heim» att etter ein periode med mange operasjonar i fjerne land.

– Bodskapen til Trump var faktisk veldig kort. Det var ein minivariant av det han har sagt før møtet, seier Solberg.

Ifølgje henne sa Trump ingenting som kunne undergrava pliktene USA har overfor Nato.

– Det har ikkje vore noko tilløp til sur stemning. No var det slik at Trump forlét møtet etter sju innlegg for å ha eit bilateralt møte med Angela Merkel, seier Solberg.

Solberg stadfestar at Trump var ute av rommet då ho sjølv snakka.

– Han har vore tydeleg på det som har vore essensen i det han har sagt tidlegare. Han ønskjer at ein skal bruka meir pengar. Men han har også gjeve ei tydeleg stadfesting på at han meiner Nato er ein viktig organisasjon, og at han er sterkt knytt til Europa, seier Solberg.

– Det er ikkje slik at USA har nokon planar om å trekkja seg ut. Det vi har sett dei siste åra, er faktisk eit auka amerikansk nærvær i Europa, seier Solberg.

Solberg viser til at Nato har styrkt seg dei siste fire åra.

Det viktigaste for Noreg er at Nato no har fått på plass ein ny maritim strategi, og ein ny kommandostruktur, ifølgje Solberg.

(©NPK)