Inne på møtet var det ingen som gav uttrykk for noko motførestillingar mot erklæringa, fortel statsminister Erna Solberg (H).
I oppkøyringa til toppmøtet var det stor nervøsitet for konfrontasjonar mellom USA og dei andre medlemslanda.
– Vi har usemje, men det viktigaste er at vi har avgjerder som fører Nato framover, sa NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.
Han viste til semje om å styrkja NATOs evne til avskrekking og forsvaret til Nato-landa, og at mange Nato-leiarar har kunngjort nye bidrag.
I den vedtekne erklæringa blir det vist til artikkel 5 der det heiter at alle angrep på eit NATO-medlem skal sjåast på som eit angrep på alle medlemmene i Nato. Dermed står USA fullt ut bak dette sentrale punktet.
USA er likevel kritisk til at landet betalar mest av alle medlemmene. USAs forsvarsbudsjett ligg på 3,57 prosent av bruttonasjonalprodukt i landet. Mange NATO-medlemmer ligg under 2 prosent. USAs president Donald Trump har kravd at medlemslanda må forplikta seg til 2 prosent.
Stoltenberg viste på pressekonferansen til at ein i fjor hadde berre tre medlemsland som nådde 2-prosentmålet. No har ytterlegare fem land kunngjort at dei skal oppnå dette målet, sa NATO-sjefen.
På spørsmål frå pressa svarte Stoltenberg at det er naturleg at Nato brukar meir pengar i tider med spenning.