Nato inviterer Makedonia til å bli med i forsvarsalliansen

Leiarane i Nato har sendt ut formell invitasjon til Makedonia om å bli medlem i forsvarsalliansen, etter at namnestriden med Hellas no er løyst.
utenriks

Invitasjonen opnar formelt for at landet kan bli NATOs medlemsland nummer 30.

Makedonia og Hellas skreiv i førre månad under ein avtale der Makedonia går med på å endra namn til Nord-Makedonia. Til gjengjeld vil Aten ikkje lenger blokkera for makedonsk medlemskap i Nato og EU.

(©NPK)