Kjelder: Macron skal møta Putin i Moskva

Frankrikes president Emmanuel Macron skal møta Vladimir Putin når han besøkjer Moskva for å sjå finalen i fotball-VM, ifølgje franske kjelder.
utenriks

Det er ikkje namngitte franske tenestemenn som onsdag opplyser at det er planlagt eit møte mellom dei to presidentane.

Macron reiser til Moskva for å få med seg finalen i fotball-VM søndag, som Frankrike kvalifiserte seg til tysdag då «Les Bleus» slo ut Belgia.

Finalen og møtet med Macron skal haldast dagen før den russiske presidenten reiser til Helsingfors for å møta USAs president Donald Trump.

(©NPK)