Demokratar meiner Trump viser at han er meir lojal til Putin enn Nato

Kraftsalva til Donald Trump mot Tyskland er eit signal om at presidenten er meir lojal til Russlands president Vladimir Putin enn Nato, seier Demokratane i USA.
utenriks

– Dei uforskamma fornærmingane og nedrakkinga til president Trump av ein av USAs nærmaste allierte, Tyskland, gjer oss i forlegne, heiter det i ei felles fråsegn frå Nancy Pelosi, leiar for Demokratane i Representanthuset, og Chuck Schumer, leiar for Demokratane i Senatet.

– Oppførselen hans i dag tidleg er endå eit djupt urovekkjande signal om at presidenten er meir lojal til president Putin enn til våre NATO-allierte, heiter det vidare.

Trump skal få dagar etter NATO-toppmøtet møta Putin i Helsingfors i Finland.

(©NPK)