USA håpar på nordkoreansk nedrusting før 2021

USA håpar på ei «stor» nordkoreansk atomnedrusting innan utgangen 2020, seier utanriksminister Mike Pompeo.
utenriks

Pompeo seier han ikkje vil leggje fram nokon detaljert tidsplan, men seier at Trump-administrasjonen har håp om at «store, store nedrustingsskritt» kan finne stad før utgangen av Trumps første presidentperiode. Den vert avslutta i januar 2021.

Pompeo seier onsdag også at president Donald Trump kjem til å fortsette med militærøvingar med Sør-Korea dersom Pyongyang bryt forhandlingane.

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un er innforstått med at «det skal finne stad grundig verifisering» av om han oppfyller vilkåra i ein atomavtale med USA, uttalte Pompeo under ein pressekonferanse i Sør-Korea onsdag.

Pompeo forsøkte dermed å slå tilbake kritikk om at avtalen som Kim og Trump skreiv under på i Singapore, ikkje inneheld nokon vising til verifisering av atomnedrustning i Nord-Korea. I forkant av toppmøtet hadde amerikanske myndigheiter uttalt at nedrustinga må vere «fullstendig, verifiserbar og irreversibel».

Det er for dumt å fokusere på mangelen av ordet «verifiserbar», sa Pompeo, og grunngav det med at avtalen viser til «fullstendig» atomavvæpning på Korea-halvøya. I hovuda til folk flest omfattar ordet «fullstendig» også «verifiserbar», sa han.

(©NPK)