Russisk by evakuert etter brann i ammunisjonslager

Tusenvis av innbyggjarar i ein by i det sentrale Russland er evakuert etter at det tok til å brenna i eit ammunisjonslager.
utenriks

Ammunisjonslageret tok fyr etter at ein grasbrann hadde spreidd seg. Brannen omfatta eit område på rundt 20 hektar, om lag 0,2 kvadratkilometer.

Brannmannskapa fekk raskt kontroll over flammane, men ammunisjon som var lagra på staden begynte å eksplodera. Dermed måtte ein motorveg i nærleiken stengja. Fleire tusen innbyggjarar måtte evakuerast, men det var ingen fare for liv, opplyser lokale styresmakter i byen Pugatsjov, som ligg rundt 1.000 kilometer aust for Moskva.

For sju år sidan oppstod det ein brann i det same ammunisjonslageret. Den gongen miste ein soldat livet og fleire tusen bustader blei øydelagt.

(©NPK)