Israel bombar Hamas-mål på Gazastripa

Israelske styrkar har bomba det landet hevdar er Hamas-mål på Gazastripa, opplyser det israelske forsvaret.
utenriks

– Soldatar frå det israelske forsvaret (IDF) gjekk til åtak på ein militærpost som høyrer til terrororganisasjonen Hamas med eld frå stridsvogn, heiter det i ein uttale frå IDF.

Israel omtalar Hamas-rørsla, som styrer Gazastripa, som ein terrororganisasjon.

Ifølgje uttalen blei ingen personar såra i angrepet.

Situasjonen på Gazastripa er svært spent etter at minst 60 uvæpna palestinarar blei drepne då israelske soldatar skaut mot dei under protestaksjonane i den palestinske enklaven måndag.

(©NPK)