Over 100.000 på flukt i Somalia etter flaum

Kraftig flaum i Somalia har ført til at om lag 122.580 menneske har måtta forlate heimane sine. Mange var allereie fordrivne på grunn av tørken i landet. 
utenriks

Det er Somalias to største elvar som er ramma, og berre i elva Shebele auka vasstanden med fire meter på ei veke i april. Ei veke etter at det begynte å regne ser det ikkje ut til å klarne med det første, ifølgje Redd Barna.

Organisasjonen melder at om lag 427.000 menneske er ramma av flaumen. Titusenvis er drivne på flukt, men mange er fanga i heimane sine.

– Heile natta høyrer du endelaus gråt og menneske som tryglar om å bli redda. Dei er stranda i heimane sine og har sett barna sine på dei høgste skåpa, eller på andre høge overflater, i frykt for at dei skal bli dratt av garde når elva renn gjennom huset, seier Jalafay Isak, som jobbar for organisasjonen i Somalia, i ei pressemelding.

Han seier mange prøvde å evakuere, men at vasstanden var for høg til å ta seg fram.

Organisasjonen seier dei har sett ut 12.000 sandsekker og levert reint drikkevatn til 7.000 hushald, men at dette ikkje er på langt nær nok. Det trengst båtar for å nå folk i isolerte område, ly, mat og toalettfasilitetar.

Somalia er eitt av dei fattigaste landa i verda, og ifølgje Flyktninghjelpen lever 43 prosent av befolkninga på mindre enn 1 dollar per dag. Forventa levealder i landet er 51 år.

(©NPK)