Fengsla katalansk separatistleiar trekkjer leiarkandidatur

Den katalanske separatistleiaren Jordi Sanchez, som sit fengsla i Madrid, har trekt sitt kandidatur til valet av ny regionpresident i Catalonia. 
utenriks

Det opplyser Roger Torrent, leiaren for den katalanske regionforsamlinga.

– Jordi Sanchez, som står overfor fleire brot på sine grunnleggjande rettar, har sendt meg eit brev der han kunngjer at han trekkjer seg som kandidat, opplyste Torrent i ein direktesendt TV-tale onsdag.

Frå før har Catalonias president Carles Puigdemont sagt frå seg sitt kandidatur til å bli regionpresident etter at han drog i eksil til Belgia.

Puigdemont peikte i sin tur på Sanchez, som no har sagt at han avstår frå å søke embetet.

Denne avgjerda kan bidra til å løyse ei fleire månader lang politisk krise i Catalonia, ettersom separatistpartia no må velje ein annan kandidat til vervet som regionpresident.

Catalonia har vore under direkte styre frå Madrid sidan 27. oktober, då den sjølvstyrte regionen erklærte sjølvstende.

(©NPK)