Søreide fordømmer nervegiftangrepet i Salisbury

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) fordømmer nervegiftattentatet i Storbritannia og seier Noreg vil ha tett kontakt med styresmaktene i Storbritannia.
utenriks

– Eg fordømmer nervegiftangrepet i Salisbury. All bruk av denne type middel er forbode under kjemivåpenkonvensjonen, og er heilt uakseptabel, seier Søreide i ei fråsegn til NTB.

– Frå norsk side vil vi ha tett kontakt med britiske styresmakter og med andre nære allierte både bilateralt og multilateralt. Skulle det vise seg at ein statleg aktør har gjennomført angrepet, gjer dette saka enda meir alvorleg.

(©NPK)