Kvinna som blei angripen er 28 år gammal og skal vere tyrkisk statsborgar. Ho pådrog seg hovudskadar då det heildekkjande plagget blei fjerna. Deretter følgde 54-åringen etter kvinna ut av butikken og ropte utlendingsfiendtlege ord etter henne, opplyser politiet.
Episoden skjedde måndag kveld. Augevitne varsla politiet som kom til staden og arresterte kvinna.
54-åringen, som skal ha bakgrunn frå Aserbajdsjan, blir no etterforska for overfall og rasistiske fornærmingar, opplyser politiet.
Nasjonalforsamlinga i Tyskland vedtok i fjor eit forslag frå regjeringa om å forby offentleg tilsette all bruk av heildekkjande ansiktsplagg i skular, domstolar og andre offentlege institusjonar. Tyske islamfiendtlege grupper har tatt til orde for at ein må innføre totalforbod mot alle heildekkjande ansiktsplagg.
(©NPK)