Gjennombrot i regjeringssamtalane i Tyskland 

Tysklands statsminister Angela Merkel og hennar konservative partiallianse har komme til semje med sosialdemokratane om ein ny storkoalisjon. 
utenriks

Ein 24 timar lang forhandlingsinnspurt var det som måtte til for å få dei siste brikkene på plass.

– Vi er einige om ein koalisjonsavtale som vil bety positive ting for mange, mange innbyggjarar, bekrefta Angela Merkels stabssjef Peter Altmaier på veg ut.

– Og no har vi alle lyst på ein dusj, for det har vore lange og harde forhandlingar dei siste timane.

SPD får finansministeren

Merkels kristenkonservative parti CDU har forhandla med det bayerske søsterpartiet CSU og sosialdemokratiske SPD om ein ny storkoalisjon.

DPAs kjelder opplyser at SPD får tre av toppstillingane i den nye regjeringa: utanriksminister, finansminister og arbeids- og sosialminister.

SPD-leiar Martin Schulz blir ny utanriksminister, mens Hamburg-ordførar Olaf Scholz blir finansminister.

SPD har allereie i dag utanriksministeren og arbeids- og sosialministeren, mens CDU har hatt finansministeren. Det blir rekna som ein viktig siger for sosialdemokratane å overta denne posten.

CSU får innanriksministeren

Posten som innanriksminister går til CSUs leiar Horst Seehofer, ifølgje DPAs kjelder. Innanriksministeren får samtidig utvida sin portefølje.

CSU vil dermed ha handa på rattet i innvandringspolitikken, noko som har vore ei kjernesak for dei.

Partiet har mista mange veljarar til AfD på ytre høgre fløy, og allereie til hausten er det delstatsval i Bayern, påpeikar Tyskland-kjennar Kate Hansen Bundt, som er generalsekretær i Atlanterhavskomiteen.

– For dei har det nok vore viktigast å få gjennomslag for innstrammingar i politikken for familiegjenforeining, seier ho.

Uravstemming i vente

Semje i samtalane betyr ikkje at alle hinder er rydda av vegen. Den nye koalisjonsavtalen må nemleg overleve ei uravstemming blant dei rundt 460.000 medlemmene i SPD.

Uravstemminga kan ta fleire veker å gjennomføre, og skepsisen til ein ny storkoalisjon med dei konservative er betydeleg i partiet etter det svært dårlege valresultatet i fjor haust.

Spesielt venstresida og ungdommane i partiet har mobilisert mot det dei oppfattar som fire nye år i skuggen av Merkel, og ekspertar ventar at avstemminga kan bli jamn.

Langvarige samtalar

Både CDU og SPD gjekk markant tilbake i valet, mens AfD kapra 12,6 prosent av stemmene og kom inn i nasjonalforsamlinga for første gong.

Koalisjonssamtalane i etterkant av valet har vore dei mest langvarige i Tyskland sidan andre verdskrigen.

Merkel prøvde først å få på plass ein koalisjon med liberale FDP og miljøpartiet Grüne, men desse samtalane stranda.

«Bra for Europa»

– Det er veldig bra at dei er komne til semje. Det er bra for Tyskland, for Europa og bilateralt, seier Søreide til NTB.

– Så lenge ein har halde på med forhandlingane og hatt ei regjering som på mange måtar har vore eit forretningsministerium, så er det naturleg nok mange ting som det har vore vanskeleg å diskutere og få avklart, påpeikar ho.

Søreide presiserer at ho enno ikkje er kjent med innhaldet i den nye koalisjonsavtalen.