Universitet i Sverige held stengt etter trussel

Malmö universitet har fått ein trussel som blir tatt så alvorleg at lærestaden held stengt måndag.
utenriks

Universitetet vil ikkje gå inn på innhaldet i trusselen, som kom i form av ein e-post til resepsjonen på skulen 29. desember.

– Ettersom det er vanskeleg å bedømme eksakt truverd, har rektor avgjort at vi stenger 8. januar, då det ifølgje e-posten skulle skje noko mot lærestaden, seier kommunikasjonsansvarleg Per M. Eriksson.

Universitetet er for tida stengt, men skulle etter planen ha opna igjen måndag. Studentar og lærarar blir no bedne om å jobbe heimanfrå denne dagen.

Politiet etterforskar det som er rekna som ein grov trussel frå ein ukjent gjerningsperson.

(©NPK)