88 år gammal «nazi-bestemor» dømd til fengsel i Tyskland

88 år gamle Ursula Haverbeck, som tyske media har døypt «nazi-bestemora», er dømd til seks månaders fengsel for å nekta for at holocaust skjedde.
utenriks

Haverbeck har fått fem liknande dommar tidlegare, men har aldri sona sidan ankane framleis er til behandling.

88-åringen har ved ei rekkje høve nekta offentleg for at millionar av jødar og andre blei drepne i konsentrasjonsleirane til nazistane. Slik holocaust-fornekting blir sidestilt med å spreia rasehat i Tyskland og er forbode ved lov.

Under den siste rettssaka blei det vist til uttalar Haverbeck kom med i januar, dp ho nekta for at gasskammera i Auschwitz-leiren hadde eksistert og at 1,1 millionar fangar døydde der.

Til forsvaret sitt hevda 88-åringen at ho berre hadde sitert frå ei bok, og ho har alt anka dommen som lyder på seks månaders fengsel.

Tyske media har lenge omtalt Haverbeck som «nazi-bestemora» og har mellom anna vist til at ho tidlegare leidde eit senter for høgreekstreme som spreidde nazipropaganda og blei stengt av styresmaktene i 2008.

Ho har også stått fram på tysk TV og hevda at «holocaust er den største og mest vedvarande løgna i historia».

(©NPK)