Minst 12 drepne i angrep i Teheran 

Minst tolv menneske er drepne i det som ser ut til å vere fleire koordinerte angrep i Irans hovudstad Teheran. IS hevdar dei står bak.
utenriks

Fire angriparar væpna med AK-47-gevær storma onsdag morgon inn i Irans parlament. Omtrent samtidig sprengde ein kvinneleg sjølvmordsbombar seg ved gravmonumentet til ayatolla Ruholla Khomeinis grav.

Ein av dei som angreip parlamentet, skal like etterpå ha sprengt seg i lufta i fjerde etasje i bygningen, før det gjekk av ei ny sjølvmordsbombe ved Khomeini-mausoleet.

Først etter fleire timar var angrepet mot nasjonalforsamlinga over. Då var alle dei fire angriparane drepne, ifølgje lokale medium. Det totale dødstalet etter angrepet er dermed minst 16. I tillegg er 39 personar såra, opplyser sjefen for Teherans redningsteneste.

Iransk fjernsyn omtalte angriparane som «terroristar».

Uavklart

Situasjonen var lenge uavklart. Sikkerheitsstyrkar samla seg både i og utanfor nasjonalforsamlinga. Medan enkelte tidleg opplyste at angrepet var over, tyda andre meldingar på at det gjekk føre seg skotvekslingar mellom politiet og angriparane.

Også motivet for angrepet er ukjent, og ingen er førebels arrestert. Men den ytterleggåande ekstremistgruppa IS gjekk onsdag formiddag ut og hevda at angrepa var deira verk.

Det fester derimot Iran-kjennaren Trita Parsi liten lit til. Overfor nyheitsbyrået TT seier han at tidlegare angrep i Iran har vore utført av folk med lokalkunnskap. Parsi meiner mykje tyder på at det er den militante opposisjonsgruppa Folkets mujahedin som står bak.

Religionshistorikar og Iran-ekspert Kari Vogt ved Universitetet i Oslo meiner derimot at det godt kan tenkjast at det er IS som står bak.

IS-problem

Ho viser til at infiltrasjon frå den ytterleggåande islamistgruppa har vore eit problem i Iran i lang tid, og at iranske styresmakter har bedt befolkninga vere på vakt. Bakteppet er den gamle konflikten mellom sjia- og sunnimuslimar.

– At IS fiskar ytterlegare i opprørt vatn, er ikkje urimeleg å tenkje seg, seier Vogt, som er religionshistorikar ved Universitetet i Oslo, til NTB.

Khomeini var grunnleggjar av den islamske republikken og stod i spissen for revolusjonen som styrta den amerikanskvennlege sjahen i 1979.

Sjiamuslimske Iran er involvert i krigen i Syria som støttespelar for president Bashar al-Assads regime. Landet vert også sett på som erkefienden til sunnimuslimske Saudi-Arabia og fleire andre Golf-land.



(©NPK)