Miljøvernarar åtvarar om at gigantisk kolgruve kan øydeleggje Great Barrier Reef

Miljøvernarar åtvarar mot å byggje ei gigantisk kolgruve som dei meiner vil øydeleggje det største korallrevet i verda, Great Barrier Reef utanfor Australia.
utenriks

Gruveprosjektet til det indiske konglomeratet Adani kostar om lag 135 milliardar kroner og er planlagt å bli eitt av dei største i verda i sitt slag. Kolgruva Carmichael som har møtt ei rekkje juridiske hindringar, har blitt utsett i sju år. No startar bygginga allereie til hausten, ifølgje selskapet.

Den 160 kilometer djupe gruva 160 kilometer nordvest for Clermont i delstaten Queensland, skal produsere og eksportere 60 millionar tonn kol til India årleg. Ein 189 kilometer lang jernbane knyter gruva til hamna.

Gruveprosjektet får miljøvernarar til å sjå raudt. Dei meiner gruva vil skade korallrevet, som er på UNESCOs verdsarvliste. Revet strekkjer seg langs Australias nordaustlege kyst, og er allereie trua av klimaendringar.

Ifølgje selskapet kjem prosjektet til å generere 10.000 arbeidsplassar. Aktivistane har utfordra prosjektet i fleire år.

– Vi blir framleis utfordra av aktivistar. Men vi kjem til å gjennomføre prosjektet, seier styreleiar for selskapet Gautamj Adani.

(©NPK)