Romania får ikkje kvinne som statsminister

Romanias president seier nei til å la den sosialdemokratiske statsministerkandidaten Sevil Shhaideh danne ny regjering.
utenriks

Shhaideh (52) kunne blitt Romanias første kvinnelege og også muslimske statsminister.

– Eg har gjort ein grundig analyse av argumenta for og imot, og eg har bestemt meg for ikkje å godkjenne dette forslaget, sa president Klaus Iohannis tysdag.

Det sosialdemokratiske partiet (PSD) valde Shhaideh som sin statsministerkandidat etter at dei vann valet 11. desember.

PSD-leiar, Liviu Dragnea, hadde då trekt sitt kandidatur fordi han er dømt til to års fengsel på vilkår for valfusk.

Shhaidehs politiske erfaring er avgrensa, ho var berre statsråd i seks månader før den førre PSD-leidde regjeringa gjekk av for eit år sidan.

(©NPK)