Spania nektar å forby tyrefekting

(NPK-NTB-AP): Grunnlovsdomstolen i Spania har avgjort at eit lokalt forbod mot tyrefekting i regionen Catalonia er ulovleg og går mot ei nasjonal lov som beskyttar tradisjonen.
utenriks

Domstolen konkluderer med at lokale styresmakter kan styre andre offentlege arrangement sjølv, men at tyrefekting er ein del av nasjonalarven og må beskyttast.

Catalonia forbaud tyrefekting i 2010. Nokre tolka at forbodet var eit skritt på vegen for den rike regionen som over ein periode har prøvd å bryte med Spania. Sjølv hevdar leiinga i regionen at forbodet blei vedtatt for å beskytte dyra. Derimot er det framleis lov med arrangement der oksar spring rundt med brennande ballar og fyrverkeri festa på horna.

Forbodet blei vurdert av domstolen på oppfordring av det konservative partiet PP og fungerande statsminister Mariano Rajoy.

Regionen Catalonia er mektig og rik, med sitt eige språk og kultur. Til liks med andre regionar har den også ein stor grad av sjølvstyre. Den sitjande leiinga i regionen har fremja ønske om å halde folkeavstemming og lausrive seg frå Spania. Spania seier styresmaktene i Madrid ikkje kjem til å godta dette.

Tyrefekting blei forbode på Kanariøyane i 1991. (©NPK)