Brundtland blei æresdoktor ved Sorbonne

(NPK-NTB): Eit kulturikon som har forandra måten vi snakkar på. Slik blei Gro Harlem Brundtland presentert då ho blei utnemnd til æresdoktor ved Sorbonne.
utenriks

Det ærverdige universitetet i Paris tok i bruk store festsal til kreeringa tysdag formiddag.

– Få nordmenn har prega språket så djupt som Gro Harlem Brundtland, sa Frédérique Harry, førsteamanuensis i nordiske studiar, då ho presenterte den tidlegare statsministeren.

– Brundtland er blitt eit kulturikon i sitt land, men også ein ekstremt godt kjent internasjonal personlegdom som har hjelpt oss til å forstå utfordringane i vår tid betre, sa Harry.

Ho trekte fram «det er typisk norsk å vere god» og «alt heng saman med alt» som ordtak Brundtland har berika språket med. Men viktigast er kanskje «berekraftig utvikling», sjølve nøkkelomgrepet i rapporten «Vår felles framtid», som den såkalla Brundtland-kommisjonen la fram i 1987.

Berekraftig utvikling vil seie ei utvikling som møter behova i samtida utan å gå på kostnad av framtidige generasjonar si evne til å oppfylle sine.

– For ein utlending er det overraskande å sjå korleis ho har planta frø også i andre språk enn sitt eige, sa Harry.

Brundtland var Noregs første kvinnelege statsminister. Ho har hatt fleire verv i FN-systemet og er utdanna lege. (©NPK)