Norsk skuffelse over valsjokk i Colombia

(NPK-NTB): Nordmenn som har engasjert seg i situasjonen i Colombia, er svært skuffa over at folket stemte nei til fredsavtalen i landet. – Ein katastrofe for Colombia, seier hjelpeorganisasjonen Caritas Norge.
utenriks

Norske styresmakter har spelt ei sentral rolle ved å legge til rette for fredsforhandlingane, og utanriksminister Børge Brende (H) var sjølv til stades under signeringa av fredsavtalen i førre veke. Utanriksdepartementet har førebels ikkje kommentert det overraskande resultatet av folkeavstemminga, men i norske miljø som følgjer Colombia tett, er skuffelsen stor.

– Dette er ein katastrofe for Colombia. Ein avtale som det har tatt fire år å forhandle seg fram til, har no blitt verdilaus. Dette er eit veldig stort tilbakesteg, og freden verkar no meir uoppnåeleg enn den har gjort på mange år. Eg ser ikkje lenger føre meg ei løysing dei nærmaste åra, seier generalsekretær Martha Rubiano Skretteberg i hjelpeorganisasjonen Caritas Norge i ein e-post.

– Offera hardast råka

Ho er sjølv frå Colombia og har gjennom yrkeslivet sitt følgt den humanitære situasjonen i landet tett, dei siste åra som leiar av Caritas Norge.

Organisasjonen har fleire prosjekt i Colombia og jobbar blant anna med reintegrering av offer og geriljasoldatar som har lagt ned våpena. Under fredsprosessen har organisasjonen bidratt til at stemmene til offera har blitt tatt omsyn til.

– Det er offera for konflikten, på begge sider, som blir hardast råka av dette. Det er no veldig viktig å jobbe vidare for å skape fred lokalt, når ein ikkje klarer det nasjonalt, seier Skretteberg.

– Bør snu kvar stein

Stortingsrepresentant og tidlegare utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås (SV) seier at det no er viktig at Noreg og resten av verda støttar opp om det splitta colombianske folket.

– For alle som har vore hardast råka i den lengstvarande borgarkrigen i Latin-Amerika, er dette ein utruleg skuffelse. Særleg organisasjonane for offera som har vore avgjerande for fredsavtalen kom på plass, må sjå på at fred og eit lenge etterlengta rettsoppgjer endå ein gong blir utsett, seier han.

Holmås meiner at leiarane i landet og opposisjonen bør «snur kvar stein for å sjå kva som skal til for å byggje vidare på det som er oppnådd gjennom fredsprosessen, og samlast om ei løysing som kan få fleirtal i folket».

– Alternativet er truleg ei endå blodigare og meir uforsonleg framtid. Det er det berre krigshissarar som tener på. (©NPK)