Erotikkreklame stansa japanske TV-sendingar frå OL-kvalifisering

Reklame for ein erotikkbutikk på isen under OL-kvalifiseringa i curling gjorde at Japans kringkastar NHK droppa å vise kampar.
sport

NHK hadde planlagt å sende alle kampane til Japans blanda lag i kvalifiseringa i Leeuwarden i Nederland. Reklamen frå ein nederlandsk erotikkbutikk medførte derimot at curlingentusiastar i Japan vil gå glipp av kampane mot USA, Latvia, Estland og New Zealand på TV.

Kringkastaren forklarer til AFP at avgjerda vart teken for å kunne undersøkje nærare om det vil bryte med NHKs retningslinjer å vise logoen til erotikkbutikken.

– Retningslinjene oppmodar til varsemd med innhald som kan ha ein effekt på mindreårige, seier ein talsperson for NHK.

Kringkastaren har ikkje vedteke om kampen på onsdag mot Finland blir vist på TV.

(©NPK)