Djokovic til turnering i Australia trass vaksinerykte

Novak Djokovic er teken ut til Serbias lag i ATP-cupen i Sydney. Det har vore spekulert i om tennisstjerna kan dra til Australia som følgje av vaksinereglar.
sport

Det har lenge vore uvisst om verdseinaren vil forsvare tittelen sin i Australian Open i januar. Årsaka er at deltakarane må vere koronavaksinerte. Djokovic har fleire gonger avvist å kommentere om han har teke vaksinen.

Men tilsynelatande dreg Djokovic til Australia før Australian Open startar i Melbourne 17. januar. 34-åringen er teken ut til Serbias lag i ATP-cupen i Sydney frå 1. til 9. januar.

For å spele i Sydney utan å vere vaksinert må ein få innvilga dispensasjon, og vedkommande må vere fjorten dagar i karantene ved framkomst til Australia. Same løysing er mogleg i Melbourne, men lokale styresmakter har varsla at slik dispensasjon ikkje vil bli gitt der.

Djokovics far har tidlegare kalla vaksinekravet frå australske styresmakter for «utpressing»

Djokovic har vunne 20 Grand Slam-titlar, ein rekord han delar med Roger Federer og Rafael Nadal.

(©NPK)