Karsten Warholm kåra til årets internasjonale friidrettsutøvar

Karsten Warholms OL-gull og verdsrekord sende han heilt til topps i WA-kåringa av årets mannlege utøvar – som første nordmann i historia.
sport

Prisen vart delt ut på prisgallaen til Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) onsdag kveld. Warholm vann prisen for menn i skarp konkurranse med Ryan Crouser (USA, kule), Armand Duplantis (Sverige, stav), Eliud Kipchoge (Kenya, maraton) og Joshua Cheptegei (Uganda, langdistanse).

Svensken Armand Duplantis vann prisen i fjor, medan trestegshopparen Yulimar Rojas frå Venezuela vart årets kvinnelege utøvar. Ingen norsk utøvar har fått prisen før, verken på kvinne- eller herresida.

Warholm har lagt bak seg ein ekstremt sterk sesong, og han imponerte særleg i Tokyo-OL i august. Nordmannen sette verdsrekord for andre gong på vel ein månad og suste inn til gull på 400 meter hekk på den sensasjonelle tida 45,94.

WA har karakterisert 400 meter hekk som den disiplinen der det har vore skarpast konkurranse i friidretten i 2021-sesongen. Warholm hadde særleg konkurranse frå amerikanaren Rai Benjamin, som sprang OL-finalen på 46,17.

Tidlegare i år vart Warholm også kåra til årets friidrettsutøvar i Europa.

Jakob Ingebrigtsen imponerte også stort under OL med gull på 1500-meter. Han var med blant dei ti nominerte til årets utøvar, men forsvann ut då lista vart halvert førre veke.

(©NPK)