Jarstein kneoperert – ute til nyåret

Rune Almenning Jarstein må vente ei stund til før han kan komme tilbake på fotballbanen. Han har vore gjennom ein kneoperasjon, opplyser Hertha Berlin.
sport

Klubben skriv på nettstaden sin at operasjonen var vellykka, men at Jarstein må belage seg på eit treningsavbrekk, og at han først over nyttår kan vere tilbake på treningsfeltet.

– Kneet har låst seg ein del, og vi fann ut at den einaste moglegheita var operasjon, seier Jarstein til VG. Det var menisken og brusk i kneleddet som vart fiksa kirurgisk.

Jarstein har ikkje spelt sidan han testa positivt på koronaviruset like etter landslagssamlinga i mars. Covid-sjukdommen hans fekk eit alvorleg forløp, og han pådrog seg også ein hjartemuskelbetennelse.

Vegen tilbake til full fotballaktivitet har vore lang, men Jarstein var veldig nær før kneet byrja å krangle.

Jarstein har spelt 179 kampar for Hertha Berlin sidan han kom til klubben i 2014. 37-åringen signerte i mai ein ny kontrakt som gjeld til sommaren 2023.

(©NPK)