Elaine Thompson-Herah årets internasjonale kvinnelege utøvar

Sprintaren Elaine Thompson-Herah (29) vart onsdag kåra til årets kvinnelege utøvar i verda.
sport

Prisen vart delt ut på prisgallaen til Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) onsdag kveld.

Det var Karsten Warholm, som tidlegare på kvelden vart kåra til årets mannlege utøvar, som kunngjorde vinnaren.

Thompson-Herah vann gull både på 100 meter, 200 meter og 4 x 100 meter stafett under dei olympiske leikane i Tokyo i sommar.

Dei fire andre nominerte var:

Sifan Hassan, Nederland, løping

Gull på 5000 meter og 10.000 meter, og dessutan bronse på 1500 meter. Ho sette også ny verdsrekord på 10.000 meter.

Faith Kipyegon, Kenya, løping

OL-gull på 1500 meter, vann 1500-meterkonkurransen i Diamond League. Sette ny kenyansk rekord på 1500 meter.

Sydney McLaughlin, USA, hekk

OL-gull på 400 meter hekk og stafett på 400 meter. Sette to nye verdsrekordar på 400 meter hekk.

Yulimar Rojas, Venezuela, tresteg

OL-gull i tresteg, Diamond League-siger i tresteg, ny verdsrekord i tresteg.

(©NPK)