Avlyst storslalåm blir flytta til Courchevel

Storslalåmrennet for kvinner i Killington i USA vart avlyst sist veke. No har rennet vorte flytta til Frankrike seinare i desember.
sport

Det opplyste Det internasjonale skiforbundet (FIS) onsdag. Courchevel i Frankrike var allereie sett opp med storslalåm 21. desember og får eit ekstrarenn dagen etter.

Det opphavlege rennet i Killington vart avlyst på grunn av for mykje vind og heftig snøvêr etter at berre ni løparar var i mål i første omgang.

(©NPK)