The Athletic: Rangnick samd med United

Ralf Rangnick skal ha vorte samd med Manchester United om å bli den nye mellombelse hovudtrenaren til klubben, melder britiske The Athletic.
sport

Den velrenommerte tyskaren er for tida sportsdirektør i Lokomotiv Moskva, men skal no forlate dei for engelsk fotball.

Ifølgje The Athletic har Rangnick vorte samd om ein seksmånaderskontrakt før han etter det skal gå inn i ei konsulentrolle i klubben.

Han vil då etterfølgje Ole Gunnar Solskjær etter at han vart sparka sist søndag. Michael Carrick har fungert som trenar for laget i mellomtida.

Rangnick har trena både Hannover, Schalke, Hoffenheim og RB Leipzig i tysk Bundesliga. Rangnick vil ikkje vere klar til helgas oppgjer mot Chelsea på grunn av arbeidsløyve.

(©NPK)