Klæbo om bestefaren: – Han er ved godt mot

Johannes Høsflot Klæbo (25) seier at morfaren Kåre har det fint etter slaget som sende han på sjukehus.
sport

Kåre Høsflot er trenaren til dottersonen, men kan ikkje reise så mykje rundt på renn lenger. Det vart heller ikkje enklare etter at han pådrog seg eit slag og måtte leggjast inn på St. Olavs hospital i Trondheim 7. november.

Den hendinga var medverkande til at Klæbo droppa den nasjonale langrennsopninga på Beitostølen sist helg.

Fredag sesongdebuterer han med verdscupsprint i finske Ruka.

– Han er ved godt mot, trenar og står på. Han er i ferd med å friskne til, og det er viktig, sa Klæbo til NTB om bestefaren og førebiletet etter treningsøkta på torsdag i fine vinterforhold.

Klæbo sjølv er sykdomsfri igjen etter forkjølinga som også medverka til at han stod over Beito-renna.

– Eg er frisk og rask. Det skal bli godt å komme i gang med ein ny skisesong igjen. Det er ei stund sidan sist.

Smart

– TV 2-ekspertane Petter Northug og Petter Skinstad meiner at du var Beitostølens vinnar sidan du stod over og sprinten vart avlyst på grunn av storm?

– Eg har høyrt det der, og så får vi sjå om han har rett. Eg skal i alle fall gjere det eg kan for å trykke til i helga.

– Kor viktig er denne helga?

– Den er viktig med tanke på at du har lyst til å få ein god start og ei god feeling på at jobben du har gjort i sommar og haust har vore bra. Eit anna aspekt er at det handlar om verdscupen samanlagt som også freistar, og at svara er viktige med tanke på OL. Det skal takast ut eit lag dit òg.

Alle renna i Ruka i helga kan bli direkte utslagsgivande for kven som får plass i den norske OL-troppen.

Kaldt

Vêrstasjonane melder om kaldt vêr til helga. Aller kaldast er det meld til jaktstarten på søndag med ned mot minus 18 kuldegrader. Er det kaldare enn minus 20, blir det ikkje noko renn.

Der går grensa.

– Det er berre å ta på stillongsen. Vêret får vere så kaldt som det blir. Det får vi ikkje gjort noko med. Vi får sjå om stillongsen må på. Det er ikkje favoritten. Helst vil eg gå berre med konkurransedressen.

Trønderen har blanda minne frå den finske vinterlandsbyen.

Klæbo gjekk den første Ruka-sprinten sin i 2016. Då vart han nummer tre. I både 2017 og 2019 vann han. I fjor vart han nummer to bak Erik Valnes, og det var det einaste sprinttapet for sesongen.

Best hugsar vi episoden frå 2018 då han leia suverent på oppløpet, men dumma seg ut, tok det roleg og sleppte russaren Aleksandr Bolsjunov forbi seg dei siste meterane.


(©NPK)