Friidrettslegende dreg til fronten i konfliktfylte Etiopia

Den tidlegare langdistansekongen Haile Gebrselassie (48) reiser til fronten i heimlandet Etiopia for å hjelpe regjeringsstyrkane.
sport

Gebrselassie meiner opprørarar frå Tigray-#folk frigjeringsfront truar Etiopias eksistens, skriv Reuters.

– Kva gjer du når eksistensen i landet står på spel? Du sluttar med alt anna. Eg beklagar! seier Gebrselassie.

Friidrettslegenda er klar over at han set livet på spel.

– Ja, det er den ultimate prisen å betale i krig.

Statsminister Abiy Ahmed varsla onsdag at han vil dra til fronten for å leie hæren.

Gebrselassie vann OL-gull på 10.000 meter i 1996 og 2000, og han dominerte langdistanseløpet i ei årrekkje. Han har fire VM-gull på 10.000 meter og har seinare vore dominerande i maraton, men utan å vinne ein meisterskapstittel.

Den etiopiske hæren starta i november ein omfattande militæroffensiv mot opprørarar i den nordlege Tigray-regionen.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har fått meldingar om at minst 8.000 menneske og kanskje så mange som 20.000 er drivne på flukt vest i Tigray nær grensa til Sudan og Eritrea dei siste dagane.

(©NPK)