Europa-trekking klar for Sola og Storhamar – unngjekk dei største kanonane

Sola og Storhamar er norsk handballs representantar i gruppespelet i Europaligaen. Dei slapp å trekkje dei største favorittane frå Frankrike og Tyskland.
sport

Gruppene vart klare i EHFs hovudkvarter i Wien torsdag. Dei norske laga unngjekk regjerande meister Nantes frå Frankrike og tyske Bietigheim.

Sola hamna i gruppe A og skal opp mot Mosonmagyaróvári (Ungarn), Besançon (Frankrike) og Lokomotiv Zagreb (Kroatia). Rogalendingane er i eit europeisk gruppespel for første gong.

Det vart på papiret ei tøffare trekking for Storhamar. Laget skal møte sist sesongs semifinalist Herning-Ikast. Stine Skogrand og Vilde Johansen speler for danskane, men førstnemnde er gravid og speler ikkje kampane mot Storhamar.

Lada (Russland) og Magura Cisnadie (Romania) er resten av laga i gruppe C.

Fire norske lag tok seg til tredje og siste kvalifiseringsrunde. Der lykkast Sola og Storhamar, medan det vart soleklar exit for Molde og Tertnes.

Første runde i gruppespelet er sett til 8. og 9. januar, medan det blir runda av 20. februar. Kvart lag skal spele seks oppgjer, og dei to beste frå kvar gruppe går til kvartfinale.

Slik vart trekkinga torsdag:

Gruppe A: Mosonmagyaróvári (Ungarn), Sola, Besançon (Frankrike), Lokomotiv Zagreb (Kroatia).

Gruppe B: Baia Mare (Romania), Nantes (Frankrike), Zaglebie Lubin (Polen), Bietigheim (Tyskland).

Gruppe C: Lada (Russland), Magura Cisnadie (Romania), Herning-Ikast (Danmark), Storhamar.

Gruppe D: Viborg (Danmark), Váci (Ungarn), Râmnicu Vâlcea (Romania), Chambray (Frankrike).

(©NPK)