Erdal beste norske på 8.-plass i IBU-cupen

Karoline Erdal vart einaste norske skiskyttar blant topp ti på sprinten til kvinnene i IBU-cuppremieren i svenske Idre torsdag.
sport

Ho noterte to bom (éin på kvar skyting) og var i mål 13,8 sekund bak vinnaren Marion Wiesensarter frå Tyskland. Det heldt til ein 8.-plass.

Eline Grue vart nest best av dei norske som nummer tolv. Ho plaffa ned ni av ti skot og vart slått med 35,7 sekund. To hakk bak følgde Ragnhild Femsteinevik med fire bom (to på kvar skyting).

Juni Arnekleiv (nummer 21), Hilde Fenne (36) og Randi Sollid Nordvang (74) gjekk òg sprinten på torsdag.

Rennet til herrane er seinare på dagen.

(©NPK)