Domstol i Kenya avviser korrupsjonssak mot fotballtopp

Ein domstol i Nairobi har avvist saka der Kenyas suspenderte fotballpresident stod tiltalt for korrupsjon. Domstolen meiner påtalemakta ikkje har bevis.
sport

Nick Mwendwa vart arrestert 12. november, dagen etter at han vart suspendert frå toppjobben i det kenyanske fotballforbundet. Fotballtoppen var mellom anna skulda for å ha overført 650.000 kroner av pengane til forbundet til sin eigen konto utan å kunne dokumentere pengeoverføringa.

Torsdag beordra likevel dommar Wandia Nyamu saka lukka fordi det ikkje skal vere lagt fram tilstrekkeleg bevis for korrupsjon.

Påtalemakta i Kenya vil likevel at etterforskinga av dei finansielle forholda i fotballforbundet held fram, sidan det framleis er mistanke om at noko er uregelmessig .

(©NPK)