Riiber har senka skuldrene etter tøff sommar

Jarl Magnus Riiber har trena betydeleg mindre i sommar på grunn av problem etter koronavaksinen. Han kjenner seg likevel avslappa framfor OL-sesongen.
sport

Etter nokre problem i sommar og tidleg haust kjenner han seg no i rute.

– Eg veit akkurat kva eg skal trene på no på hausten for å komme i form, og det ser ut som at eg er der skal vere. No kjenner eg at skuldrene er senka, og eg er klar for å ta imot sesongen, seier Jarl Magnus Riiber til NTB.

Han ser fram til ein «full» sesong, utan å bli forstyrra av virus.

– No vert det ein fullspekka sesong og mykje å sjå fram til, så det er greitt å vere i god form i år, seier Riiber.

Det var ikkje mange feilskjer frå Riiber førre sesong. Han vann ni og vart nummer to i tre av renna. I VM i Oberstdorf tok han to gull og to sølv.

– Ein bra sesong, men eg var veldig nervøs etter å ha slite med knea på sommaren, og samtidig vart eg nybakt pappa. Eg gjekk jo inn i den sesongen med litt andre føresetnader enn før, men eg kom meg gjennom det òg. Det er eg veldig stolt av, seier Riiber.

Riiber innrømmer at han er litt spent før møtet med høgda i OL.

– Eg har aldri konkurrert i høgda tidlegare, så eg har inga erfaring med det. Dei erfaringane eg har gjort tidlegare, er at høgda vi møter i OL på 1600 meter kanskje ikkje er så frykteleg skremmande. Det er ganske likt som det vi konkurrer på. Forskjellen er at du må vere litt meir disiplinert i løpsopplegget, seier Riiber.

(©NPK)