Ekspertar: – Ingen grunn til å friskmelde Manchester United

Ein siger mot eit B-lag i Europa gjer ikkje at problema for Manchester United er over, meiner ekspertar.
sport

Det vart til slutt ein festkveld på Old Trafford onsdag kveld. United snudde 0-2 til 3-2 mot Atalanta i Champions League og Cristiano Ronaldos sigersmål vart høgdepunktet.

– Dette speglar det som har skjedd dei siste vekene. Dei er sjeldan gode i 90 minutt, og det blir kaoskampar der dei er avhengige av enkeltprestasjonar. Dei møter eit sterkt redusert lag, men dei har maksnivået, matchvinnartypane og breidda i stallen – veldig mykje er på plass for å danne eit topplag, seier Morten Langli til TV 2.

– Eit B-lag frå Atalanta skal slåast. Det er eit minimum, men det er måten det skjer på som gjer det til ein episk kamp. Men det er ingen grunn til å friskmelde United etter dette, slår Simen Stamsø-Møller fast.

Ole Gunnar Solskjær fekk pusterommet han trong, men fekk òg spørsmålet om spelarane spelte for overlevinga hans som United-manager.

– Dei spelte for Manchester United! Eg sa til dei at dei er dei heldigaste i verda, både startellevaren og innbytarane, som får spele for denne klubben. Det er så mange millionar som ønskjer det, sa Solskjær etter kampen.

(©NPK)