Solbakken invitert til Wenger-møte – skal diskutere omstridde VM-planar

Ståle Solbakken og resten av landslagssjefane i fotball møter denne veka Arsène Wenger for å diskutere planane om å halde fotball-VM kvart andre år.
sport

Det opplyser Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) på nettsidene sine måndag.

Møta med dei 211 landslagssjefane, som blir haldne digitalt, er fordelte på to dagar. Det første finn stad allereie tysdag, medan det andre blir gjennomført torsdag.

Diskusjonane blir leidde av tidlegare Arsenal-manager Arsène Wenger. Han er no tilsett som Fifas utviklingssjef.

Dagsordenen inneheld ei rekkje tema – blant dei varetaking av helsa til spelarane, internasjonale vindauge for gjennomføring av landskampar og kor ofte fotball-VM skal haldast i framtida, opplyser forbundet.

– Som landslagssjefar er innspela deira heilt essensielle, seier Arsène Wenger.

Møte kritikk

– Moglegheitene vi har til å komme saman, er få, og det er langt mellom dei, men vi må omfamne desse høva. Slik dialog hjelper oss å verne den unike posisjonen fotballen har i verda og til verkeleg å gjere den global, legg franskmannen til.

Fifas forslag om å halde fotball-VM annakvart, ikkje kvart fjerde år som i dag, har skapt store overskrifter og heit debatt i fotballmiljøet. Det europeiske fotballforbundet (Uefa) er blant dei som har varsla kamp for å få lagt planane døde.

Det internasjonale olympiske komité (IOC) har òg plassert seg blant kritikarane, det same har fleire spelarforeiningar.

Noregs landslagssjef Ståle Solbakken tilhøyrer òg den sida. Det røpte han på spørsmål frå NTB tidlegare i haust.

– Eg er imot dei planane. VM og EM er høgtidsstunder. Eg er på mange måtar ein fotballtradisjonalist, og eg synest at VM kvart fjerde år er fint. Det er eit kjempestort arrangement, og det er òg andre store meisterskapar som Copa America og EM og andre ting som skal arrangerast, sa han.

Vil verne spelarane

Hans andre argument mot å halde VM annakvart år, handlar om det helsemessige for spelarane.

– Vi må verne spelarane. Dei treng òg å puste litt innimellom. Dei treng pausar. Med eit VM annakvart år, og eit EM inne i der, blir det heile utvatna og ikkje så spesielt for oss (laga), de (media) eller publikum heller, sa Solbakken.

Det er venta at forslaget om VM annakvart år vil bli stemt over av Fifas medlemsland i desember.

(©NPK)