Norwich-målvakt Dan Barden har fått kreft

Norwich-målvakt Dan Barden (20), som er på lån i Livingston, har fått testikkelkreft.
sport

Det opplyser klubben. 20-åringen er akkurat no på lån i den skotske klubben Livingston, men blir verande på sidelinja i ein periode framover.

– Det har vore ein veldig tøff og utfordrande periode, men støtta frå familie, venner og kollegaer har hjelpt meg dei siste vekene, seier Barden.

Han slutta seg til A-stallen til Norwich i 2020. Han har ein utlånskontrakt med Livingston som gjer at han skal tilbake til Mathias Normann og dei andre Norwich-lagkameratane til sommaren.

(©NPK)