Bohinen forlengjer ikkje med Sarpsborg 08

Eliteserieklubben Sarpsborg 08 og Lars Bohinen forlengjer ikkje samarbeidet etter inneverande sesong.
sport

Det opplyser klubben i ei pressemelding. Bohinen tok over klubben i juni etter Mikael Stahre forlét klubben til fordel for IFK Göteborg.

– Lars Bohinens kompetanse og erfaring var den rette for Sarpsborg 08 i overgangsperioden før ein meir permanent trenar var på plass. På kort varsel fekk klubben inn ein hardtarbeidande og motivert trenar som kjende norsk fotball og Sarpsborg 08 godt, seier styreleiar Hans Petter Arnesen i Sarpsborg 08.

(©NPK)