Toppklubbane vil ha VAR i norsk fotball – blir truleg innført i 2023

Eit fleirtal av dei norske toppklubbane ønskjer videodømming (VAR) i Eliteserien, og det blir truleg innført frå 2023, melder Bergensavisen og VG.
sport

Saka var oppe på eit styremøte i Norsk Toppfotball onsdag. Det er interesseorganisasjonen for klubbane i Eliteserien og førstedivisjon for menn, og det vart klart at det er fleirtal blant klubbane for VAR.

– Dette er ei sak som har gått føre seg ei god tid. Det er diskutert med supporterar, klubbane våre og Norges Fotballforbund. Det er eit overordna bilete av at VAR har komme for å bli. Det er utopi å tru at vi kan lukke auga og ikkje vere ein del av det internasjonale biletet, seier styreleiar Cato Haug i NTF til VG.

Det var Bergensavisen som omtalte saka først.

Dommarane har allereie sagt frå at dei ønskjer VAR i Eliteserien. Også fotballforbundet har stilt seg positivt til videodømming, men ein ville vente på kva medlemsklubbane i Norsk Toppfotball kom til.

Det er Norges Fotballforbund som i siste instans vedtek innføring av VAR, og no tyder alt på at systemet vil vere på plass til 2023-sesongen.

(©NPK)