Kvinna bak Tour de France-massevelten slepp truleg fengsel

Tilskodaren som forårsaka ein av dei styggaste masseveltane i Tour de France-historia møtte torsdag i retten. Ho unngår sannsynlegvis fengselsstraff.
sport

Den 31-årige franske kvinna, som ikkje blir nemnd ved namn etter at ho tidlegare vart utsett for massiv hets i sosiale medium, er tiltalt for å ha forårsaka personskadar og sett liv i fare. Aktoratet nøgde seg med påstand om fire månaders fengsel på vilkår.

Lovparagrafane ho er tiltalt for å ha brote kunne gitt fengsel utan vilkår i inntil eitt år.

Dommaren avviste ei oppmoding om å halde rettsforhandlingane for lukka dører. Rettsforhandlingane vart haldne torsdag, og dom i saka fell 9. desember.

Aktor Solenn Briand sa at kvinna har beklaga det ho gjorde under opningsetappen i Touren 26. juni. Ho ville komme i TV-biletet med ein plakat med helsing til besteforeldra, heldt han langt ut i vegen og felte Tony Martin. Han reiv med seg ei rekkje andre ryttarar i ein kjempevelt der mange pådrog seg betydelege skadar.

(©NPK)