Inga løysing i hoppkonflikten – partane møtest igjen neste veke

Det vart inga løysing på konflikten mellom Clas Brede Bråthen og Noregs skiforbund i drøftingsmøtet på torsdag. Partane møtest igjen om ei veke.
sport

Det sa sportssjefen til hopparane etter møtet der skiforbundet la fram grunngivinga si for at dei vurderer å seie han opp.

– Dei la fram det dei meiner er grunnlaget sitt for eit drøftingsmøte, og eg la fram opplevinga mi av det same, men også versjonen min av ein ganske lang karriere som sportssjef, sa Bråthen, som ikkje ønskte å gå inn på kva som konkret vart sagt.

– Det er ingen tvil om at eit slikt møte er ekstremt krevjande, men eg fekk leggje fram heile historia mi utan å bli avbroten ein einaste gong. Det kjendest bra for meg endeleg å kunne leggje fram ein versjon som i hovudet mitt er 100 prosent korrekt slik eg opplever han, sa han.

Han meinte at versjonen til motparten vart formidla på ein ryddig måte.

– Konklusjonen har ikkje kommen, og vi har avtalt eit nytt møte neste torsdag.

(©NPK)