Chelsea og Reiten slo Juventus i Meisterligaen

Chelsea stakk av med ein svært viktig bortesiger mot Juventus i gruppespelet i Meisterligaen onsdag. 2-1-sigeren var den første i årets meisterliga for Chelsea.
sport

Chelsea styrte kampen frå start borte mot Juventus, og fekk etter mange store sjansar endeleg utteljing då Erin Cuthbert glei gjennom forsvaret og sette inn leiarmålet etter ein halvtime.

Vel fem minutt seinare kom likevel utlikninga. Lisa Boattin prikka eit innlegg perfekt på foten til Barbara Bonansea som sette ballen i mål langs bakken.

Deretter var det ein lang stillingskrig før Chelsea på ny gjekk opp i leiinga etter 70 minutt. Sam Kerr fekk avslutninga si blokkert, før Pernille Harder dukka opp på returen og sette han i mål frå kloss hald til 2–1.

Juventus fekk ein enorm sjanse mot slutten, men dei klarte ikkje omsetje han i mål. Dermed gjekk London-laget forbi Juventus på tabellen, og har no fire poeng. I neste kamp møter dei tabelljumbo Servette borte, medan Juventus møter Wolfsburg.

Guro Reiten starta kampen for Chelsea, og var god på den venstre flanken sin i oppgjeret. Maren Mjelde, som nyleg er tilbake frå langtidsskade, vart sitjande på benken for Chelsea.

(©NPK)