Dennis Hauger vart meister i Formel 3 – eitt steg nærare Formel 1

Med andreplass i det første av helgas tre løp er Dennis Hauger samanlagtmeister i Formel 3. 18-åringen er alt lova Red Bull-sete i Formel 2 neste år.
sport

Løpet på fredag var framskoten frå laurdag på grunn av dårleg vêrmelding i Sotsji, og Hauger nytta sjansen til å punktere siste rest av spenning i kampen om å bli meister.

Hans næraste rival i samandraget, Jack Doohan, vart berre nummer 15. Dermed er det avgjort.

– Yes! Yes! Yes! Tusen takk, gutar! No går vi for siger i lagmesterskapet, ropte han på teamradioen.

Doohan vann kvalifiseringa, medan Hauger vart nummer ni. I det første løpet starta dei 12 beste frå kvalifiseringa i omvend rekkjefølgje, og det bidrog til Haugers suksess.

Endringar

– Det var eit tøft løp. Vi gjorde nokre endringar etter kvalifiseringa, og det fungerte. Det har vore ein fantastisk sesong, og no skal vi bruke resten av helga på å vinne lagmesterskapet, sa Hauger då han vart intervjua i Viasat-sendinga.

Som Formel 3-meister får han ikkje køyre meir i den klassen. Helmut Marko i Red Bull lovar han sete i Formel 2 neste år. I det fjerne lokkar Formel 1.

– Han har hatt ein stor sesong i Formel 3. Han gjorde ein feil tidleg, men elles har han vore eineståande. Han har vist store ferdigheiter, og han bevegar seg verkeleg i rett retning, seier Marko i ei pressemelding.

Eitt steig igjen

– Han kjem til å køyre for oss i Formel 2 i 2022, og etter det er det berre eitt steg igjen. Det krevst at han held fram med å førebu seg på same måte han har gjort i år. Han er ikkje der enno, legg han til.

– Formel 1 har vore draumen min og målet mitt heile livet. Det betyr alt for meg, og derfor arbeider eg så hardt og gir alt for å oppnå det, seier Hauger sjølv.

Han har vore i Red Bull-systemet sidan 2018, då han som 15-åring vart nummer fire i det britiske Formel 4-meisterskapen.

(©NPK)