Kvinne skal dømme toppkamp i engelsk rugby

Sara Cox (31) blir laurdag historisk som den første kvinnelege dommaren i ein herrekamp på toppnivå i engelsk rugby.
sport

Cox skal dømme kampen mellom Harlequins og Worcester Warriors i Twickenham sørvest i London.

– Gratulerer så mykje til Sara Cox. Ho blir den første kvinna til å dømme ein Premiership-kamp laurdag, skriv Premiership Rugby.

Cox har skrive historie før. I 2016 vart ho den første kvinna i verda med status som profesjonell rugbydommar. Og i 2020 var ho den første kvinnelege assistentdommar i England gjennom tidene i kampen mellom Bath og Wasps.

Seinare har ho dømt i to VM og OL-finalen i Tokyo i sommar.

(©NPK)