Kosovo-kampen til fotballkvinnene blir ikkje vist på TV: – Svært skuffa

VM-kvalifiseringskampen mellom Noreg og Kosovo blir ikkje TV-sendt tysdag kveld. Forklaringa til det kosoviske fotballforbundet er at det er val i Kosovo.
sport

Det opplyser Knut Kristvang på nettstaden til Norges Fotballforbunds (NFF). Han er dagleg leiar i det NFF-åtte selskapet Fotball Media.

– Dette har stått på om forbundet i Kosovo finn ei løysing på produksjon med TV-stasjonane sine. Vi har i lengre tid jobba med å finne ei løysing som sikrar at alle fotballinteresserte får sjå kampen, seier Kristvang.

NRK 2 skulle sendt kampen tysdag kveld.

– Vi er svært skuffa over at kampen ikkje blir vist, seier Kristvang.

Fram mot kampstart blir det prøvd å få i gang ei streamingløysing for mellom anna å sikre høgdepunkta frå kampen til norske TV-sjåarar.

Kristvang meiner dette kunne vorte ordna opp i.

– Hadde NRK fått eit tydeleg svar frå Kosovo på eit tidlegare tidspunkt, kunne andre løysingar vore vurderte. Med endeleg tilbakemelding nokre få timar før kampstart er det umogleg, seier han.

Kampstart mellom Kosovo og Noreg er klokka 19.

(©NPK)